Thursday, January 11, 2007

Då startar vi..

Eg har valt å ta for meg reklamar på TV2, og idag har eg undersøkt litt på dei forskjellege reklame-"sendingane" på denne kanalen. Eg har valt å ta for meg dei reklamane TV2 sender mellom programma som går 20:00 og 20:30. Eg vil starta opptakinga av reklamane på mandag, den 15.januar, og den vil pågå ut veke 3.

Idag vil eg gjera litt teoretiske fordjupingar i blant anna reklame, tv som annonseformidlar, om TV 2 o.l. Dette for å setja meg litt inn i det stoffet som eg skal arbeida vidare med, for å ha litt bakgrunnskunnskapar rett og slett.

Eg driv med litt idèmyldring i forhold til arbeidet vidare med særemnet;
- eg vil gjera meg opp ein statestikk for reklamar som blir sendt på TV2. Men til dette treng eg hjelp frå TV2 til å få tak i nokre viktige tall. Så eg får håpa at dei kan svara meg på eit par spørsmål som eg har tenkt å senda på mail.

marked@tv2.no

- Eg vil setja meg litt inn i de forskjellege målgruppene, og sjå kva reklamar som kan appelera til kvifor ei målgruppe.
- Eg vil sjå nærmare på sendetidene på reklamane.
- Eg vil sjekka opp prislister.
- Eg vil sjå på kva reklamer kanalen velg å knytta opp til dei forskjellege programma som blir sendt.

Men eg er ennå usikker på kva problemstillinga mi for særemnet kan vera..?

No comments: