Wednesday, January 17, 2007

Oppsummering frå boka "Reklamefilm".


1.Reklamens framvekst i Noreg.
Avisene var hovudarena for den tidlege reklamen i Noreg. Noregs fyrste avis blei utgjeven i 1763. Utviklinga går seint i åra framover, men i 1814 kom den nye Grunnlovens paragraf om trykkefrihet, og antall aviser blei større. Frå slutten av 1820-åra begynte det å bli vanleg med annonsar i avisene.

Rundt år 1920 trådte reklamefilmen inn på markedet. Den var då blitt meir akseptert og utvikla del av det norske samfunnet enn få år tidlegare. Dette hadde mykje med den økonomiske utviklinga å gjera, men det var også viktig at reklamens menn har arbeida målbevisst for å framheva reklamens status. Reklamen hadde då profesjonalisert seg, blant anna ved auka bruk av illustrasjonar. Bileter kommuniserer det ytre, dei viser det som auga kan sjå. Dei fortel lite presist om grunnar og årsakar og andre abstrakte forhold. Derfor er bileter gjerne fantasieggende, og auka bruk av illustrasjoner høyrer naturleg heima i ein reklameprofesjonalisering som legg vekt på mottakaren og mottakarens behov og ynskjer.

2.Reklamefilmens gjennombrot.
Reklamefilmen blei fyrst sendt på kinoane i Noreg, men det er vanskeleg å vita nøyaktig kor tid. I 1922 kom reklamefilmdistribusjonen inn i ordna former, som minner mykje om dei formene vi fortsatt har idag. 1922 kan bli rekna som startpunktet for reklamefilmhistoria i Noreg, sjølv om det har blitt vist ein og annan reklamefilm på ein og annan kino før dette tidspunktet. Dei fyrste åra vises det bare 3-5 reklamefilmer på kino i året, men i 1927 blei plutseleg nærmare 100 reklamefilmer vist på kino. Derfor blir året 1927 betegna som gjennombrotet for reklamefilm i Noreg. I dei følgjane åra stabiliserte antallet reklamefilmer seg på mellom 50-70 i året.

Dei fyrste reklamefilmane.
Dei to fyrste reklamefilmane var begge reklame for Freia. Den eine var reklame for sjokoloade, og heitte "Konstabelens drøm", den andre var reklame for bakepulver. Begge filmane forhaldt seg til Méliès-tradisjonen i filmhistoria. George Méliès er den fyrste av filmpionerane som utforska kameraets moglegheiter for manipulasjon av den fysiske verkelegheit. Han brukte fantastiske kulisser, og lot folk forsvinna ut i det store intet, eller plutseleg manifestera seg i biletet, komande ingenstads frå.Den store attraksjonen i dei to tidlege norske reklamefilmane dreier seg om at noko daudt viser seg å vera levande. Dette var fantasieggende, underhaldande og overraskande for publikum. Gjenkjennelsesaspektet er også sentralt. Desse aspekta vil vi sjå igjen i fleire tilfeller gjennom reklamefilmens historie.

Annonsørane.
Dei produkta som det annonseres mest for via reklamefilm i 1927 var:
- tobakk. 1/3 av dei rundt 100 filmane dette året var tobakksreklame.
- butikker og serviceinstitusjonar. Dei utgjorde ca. 1/5 av alle reklamefilmane.
- ellers reklameres det for eit breidt spekter av varer, som for eksempel kull og koks, biler, skokrem, hermetikk, tran, vaskemidler, bakepulver og støvsugere.
- nokre av reklamane var også fellesreklamer, ca 1/10. Det vil sei at det i ein og same film reklameres f.eks. for tre forskjellege butikker på Majorstua.

Merkevarer.
Det er også i 1927 for alvor kommet fart i systemet med at varene som blir solgt i butikkane er merkevarer. Dei kom frå produsentane ferdig pakka og med fast pris. Dette gjorde at kjøpmennenenes rolle i vareomsettingsprosessen blei sterkt redusert. Tidlegare hadde varene kommet til kjøpmannen i sekker elelr kartonger, og den enkelte kjøpmann veide opp, pakka inn og bestemte priser. Men det nye systemet var ein særleg fordel når det gjaldt reklamering på film. No kunne publikum sjå reklamen, og finna nøyaktig den varen dei blir presentert for på filmen, i sin eigen butikk , med ein pakning, pris og innhald nøyaktig som vist på filmen.

Reklameprodusentene.
I denne perioden av reklamens gjennombrot var alle reklameprodusentane i små firmaer, som gjerne bare bestod av to mann som tok seg av alt arbeidet med skriving av manuskript, bygging av dekorasjonar, fotografering, iscenesetting, fremkalling og kopiering, redigering og klipping. Det blei store debatter om at kvaliteten i dei norske reklamefilmane var for dårleg. Men det viktigste er at det i det heile fantes norske filmfolk som var i stand til å ta på seg oppgåva å laga reklamefilm. Utan dei hadde den kraftige veksten i antall reklamefilmar i 1927 vert umogleg.

3.Mellomkrigstidas reklamefilmar.
Reklamen er til for å selgja varer. Reklamen er ei mottakarorientert form for kommunikasjon, som ynskjer å påverka sitt publikum i heilt bestemte retningar.

I den eldre reklamelitteraturen blei annonsørane fråråda å gjera hensikten i reklamen kjend med ein gong. Fyrst måtte forbrukaren setjast i ei god stemning, underhaldas eller morast eller visas eit vakkart bilete, etterpå kunne bodskapet om varekjøp presenterast. For å setja mottakaren i god stemning greip man til stoff som allereie er kjend og som har ei positiv ladning hjå publikum. Annonsørane benytta seg av stoff som var kjend i populærkulturen, altså stoff som sirkulerer i sentrale massemedier. Det viser seg at mange av reklamefilmane forhaldt seg til stoff dei reint fysisk sett stod nær, stoff som høyrer heima der kor reklamefilmane vert viste, altså på kino.

I heile mellomkrigstida var kinoen ein viktig kulturfaktor, og ein arena som det er forståeeleg at annonsørane viste interesse for. Reklamefilmane forhaldt seg til det stoffet som ellers blei vist på kino, med kulturelle, aktuelle og animerte reklamefilmar. Dei kulturelle filmane var naturfilmar og filmar av historisk karakter, industrifilmar og filmar som forbehaldar seg til kunst og kultur.

Industrifilmar.
Desse var filmar som viste produksjon av varer. Dei reklamerte for glas, bilar, øl, syklar, tobakk, margarin, buljong og drops ved å visa korleis desse varene blei framstilt. Den effektive og maskinelle produksjonen var ny og spennende såpass tidleg i moderniseringa, og det var rimeleg å rekna med at store publikumsgrupper hadde glede og interesse av å betrakta industriproduksjonen på nært hold. Men allikevell utgjorde ikkje desse reklamefilmane meir enn 4-5% av det totale antal reklamefilmer i mellomkrigstida. Dette kjem kanskje av dei urolege forholda i arbeidslivet som prega både 1920- og 30-åra, med streiker, harde arbeidskamper, krise og arbeidsledighet.

Historiske reklamefilmar.
Dei historiske reklamefilmne er dei som på ein eller annan måte forholder seg til fortida. Produktet det reklameres for, settes inn i ein historisk samanheng. Poenget er som oftast at framskrittet skal understrekast, og det skal visast kor mykje betre dei nye, moderne varene er enn dei gammaldagse.

Kultur-reklamefilmar.
Her blir kunst og kultur benytta i reklamesamanheng. For eksempel så er det reklamer som har brukt diktere som Wergeland og Ibsen, sangere som Tore Foss, malerier av Munch. Tiedeman Tobaksfabrikk lagte ein serie med kulturfilmar med tobakksreklame i 1930-åra.

Natur-reklamefilmar.
Hovudvekta i desse reklamefilmane låg i skildringar av naturen, den vakre, norske naturen med skoger, fjell og dalar, eller naturens dyreliv. Publikum får også sjå sportsfolk, unge, friske og vakre mennesker på skitur eller fottur i fjellet. Mange av desse reklamane var kopla til røyk og Tiedemans Tobakfabrikk. I norsk reklamefilm på 30-talet er det ofte at røyling, sport og friluftsliv koples saman. Også margarinreklamen benyttar natur og friluftsliv. Etter lydfilmens gjennombrot blir ofte naturfilmane kopla saman med norsk musikk og sang.

Aktuelle reklamefilmar.
Reklamefilmane av typen "aktuell" har ei form som ligg nært opp til filmavisens og reportasjefilmens. Dei tar opp ting som skjer i denne perioden, som er nytt og spanande. For eksempel besøk frå store Hollywood-stjerner, reisingen av den enorme granittblokken i Frognerparken, som seinare blei til Vigelandsmonolitten, og bileter samansatt ifrå viktige nasjonale og internasjonale politiske begivenheter som fann stad. Reklameaspektet blir fyrst synleg heilt i slutten av filmen.

Animasjons-reklamefilmer.
Animasjonsfilmane utgjorde ein liten, men stødig gruppe reklamefilmar gjennom heile perioden. Det er flest tegnefilmar, lagd med enkel strektegning utan eller med minimal bakgrunnstegning. Slike filmtypar var ofta brukt for å visa noko som vanskeleg lar seg framstillas i "vanlege" filmar. Nokre tegnefilmar hadde imidlertid eit innhald som like gjerne kunne vært framstilt ved å fotografera ein scene med levande mennesker, og det er vanskeleg å vita kvifor tegnefilmforma er valt. Det kan ha samanheng med at forma blir opplevd som spanande og annleis, og filmen kan på denne måten skilja seg ut og bli lagt merke til i forhold til andre reklamefilmar.

Spillefilm og reklamefilm.
Fleire reklamefilmar forholder seg til spillefilmer og spillefilmgenrer. Blant anna vitner titlane om dette. 1920-åras spillefilmmelodramaer dreide seg om kjærleik med tydelege seksuelle understraumar, sjølv om seksualiteten ikkje kom åpent fram. Også andre populære spillefilmgenrer kan finnas igjen i reklamefilmane, som for eksempel actionfilmar og komedie-reklamefilmar.

Radio og reklamefilm.

1 comment: